
KOSTVEILEDNING
Personleg kostveiledning tilpassa deg og din situasjon
-
Ønsker du å vite kva mat som er bra for deg?
-
Ønsker du eit kosthald som gjev energi, overskot og trivsel?
-
Har du ein sjukdom der kosten er ein del av behandlinga?
Her får du trygg og kunnskapsbasert veiledning frå autorisert klinisk ernæringsfysiolog
Eg veileder blant anna innan:
Overvekt
Diabetes
Spiseforstyrring
Hjertevennleg kost
Irritabel tarm
Matallergi og intoleranse
Cøliaki
Mage- og tarmsjukdom
Lipødem
Underernæring
Ernæring til eldre
Vitamin- og mineralmanglar
Veiledning knytt til fedmekirurgi
Kosthald ved svangerskap
Kosthald under/etter kreftbehandling
Må eg vere sjuk eller ha eit problem med mat for å snakke med klinisk ernæringsfysiolog?
Nei absolutt ikkje. Det kan vere ulike grunnar for ønske om samtale kring kosthald.
Kanskje ønsker du å forebygge livsstilsjukdom eller få ei generell vurdering av kosthaldet for å sjå om du får i deg nok jern, kalsium og vitamin B12? Eller kanskje har du eit ønske om å optimalisere kosthaldet i forbindelse med idrett? Nokon kjem til klinisk ernæringsfysiolog for kunnskap – få informasjon om korleis ein best kan sette saman måltida, korleis dempe mageplager med kosten eller korleis påverke kolesterolverdiane i gunstig retning.
Andre opplever å ha bra kunnskap, men ønsker støtte og hjelp til å implementere nye vaner i ein travel kvardag. Andre igjen kan ha eit anstrengt forhold til mat og opplever at kosthald og tankar kring mat og kropp opptar store delar av dagen. Kanskje bestiller du time til deg sjølv, eller på vegne av andre? Ofte kan ein også som pårørande ha behov for informasjon kring kosthald og ernæring for nokon ein er glad i.
FØR
Du treng ikkje henvisning for å få time til klinisk ernæringsfysiolog hos Hanitz Helse. I enkelte tilfeller kan det vere nyttig med henvisning dersom ein ønsker samarbeid mellom klinisk ernæringsfysiolog og fastlege/anna behandlar.
Dersom du har vore til ei undersøking eller har relevante prøvesvar kan du ta med desse.
UNDER
Ein individuell konsultasjon kan innebære:
Kartlegging og vurdering av ernæringsstatus
Berekning av energibehov
Utforming av mål og delmål
Konkrete råd om endring av kosthald
Gode verktøy for å auke motivasjon og hjelpe til i ein endringsprosess
ETTER
Du avgjer sjølv om vi skal sette opp ein ny time. Ved mange tilfeller er det fornuftig med oppfølging når det kjem til endring av kosthald og vaner.
Under oppfølgingssamtala evaluerer vi råda og tilpassar vidare råd til noverande situasjon.
Kva er ein klinisk ernæringsfysiolog?
Ein klinisk ernæringsfysiolog (KEF) er
spesialist på kosthald, ernæring og helse
Kliniske ernæringsfysiologar er einaste
ernæringsutdanna yrkesgruppe med
autorisasjon som helsepersonell
Til grunn for autorisasjonen ligg
5-årig universitetsutdanning
Kliniske ernæringsfysiologar er med
på å utvikle ny ernæringskunnskap
Kliniske ernæringsfysiologar er utdanna
til å forebygge, vurdere, diagnostisere og
behandle ernæringsrelaterte sjukdommar
Råd og behandling er forankra
i vitenskapleg dokumentasjon
Kliniske ernæringsfysiologar
har forskingskompetanse